mandag 21. september 2015

Karamell og makroner

22. september er det akkurat 1 år sidan eg byrja jobbe på den skulen eg jobbar på no.
Eg likar meg så godt, at eg fann ut at ei slikt jubileum er verdt å feire. :)
 
Derfor skal desse få lov til å vera med på jobb i morgon.

 
Rååååsa makroner med lakris-fyll, og sjokolademakroner med salt karamell. :)
Oppskrifta på lakrisfyllet finn du HER
 Eg brukar makron oppskrifta til Cakeplease.no

Salt karamell lagar eg slik:
2 dl sukker
1 dl sirup
1 dl vatn
1 dl kremfløyte
80gr smør
1-2 ts flaksalt

Bland sukker, sirup og vatn i ein vid, tjukkbunna kjele.
La blandinga koke opp, og så småkoke utan omrøring til sukkerlaken er gyllenbrun.
Rør inn kremfløyten (det spruter og freser ein del) og deretter smøret.
La alt koke roleg ei stund.
Kontroller konsistensen ved å dryppe karamell ned i ei glas kaldt vatn. Om du kan rulle ei kule er karamellen klar.
Ta kjelen av varmen, og rør inn flaksalt.
La karamellen bli heilt avkjølt, gjerne natta over i romtemperatur.


Men kva gjer ein når ein har klart å koke karamellen for mykje, slik at det ikkje går an å fylle den i makroner? 
Skjærer opp i bitar, pakker inni plast, og legg dei i ei glaskrukke.
 Vips!
Salte karameller på glas! :)

Håpar du får ei superflott veke!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)